mandag 14. juli 2008

Elisabeth rydder jenterommet - del 1

Småbok fra barneskolen:

"Spøkelseshuset" av Elisabeth Hage

Det var ein gong ein spøkelses-familie som budde i eit gammalt hus langt ute i skogen. Dei budde på loftet. Nede budde det ei lita jente som heitte Magni og mora som heitte Marie.

Kvar natt kl. 12 begynte spøkelsa å skremme dei. Dei var fire stykke i familien. Det var Lise, som var sju år og Ola som var fem år og mora og faren som heitte Olga og Mons. Dei hadde kvite laken over seg og kjetting.

Mons og Lise gjekk ned i rommet til Magni, mens Olga og Ola gjekk ned i rommet til Marie. Det klirra i kjettingen, og dei begynte å hoie. Da, plutseleg vakna Magni. Spøkelsa gjorde seg U-synlege med ein gong. Magni sprang inn til mor si. Ho sa: - Mor, det spøker her. - For noko tøv, sa Marie. - Det er berre noko du innbiller deg. Gå og legg deg att. - Javel da, men eg høyrde noko som klirra, akkurat som ein kjetting, og så høyrde eg noko som hoia.

Da ho kom inn på rommet sitt, byrja dei å spøke med det same. Da flaug ho inn til Marie ein gong til. - Morm det spøker heilt på Ordentleg, sa Magni. - Det gjer ikkje det har eg sagt, sa Marie. - Og no går du og legg deg. - UUU, eg vil IKKJE, eg VIL ligge her, sa Magni. - Nei, gå nå og legg deg. - Javel da, eg skal gjere det.

Ho gjekk inn på rommet sitt, og no sovna ho. Da begynte Mons og Lise å klirre med kjettingen. Men ho vakna ikkje. Da gjekk Mons, Olga, Ola og Lise opp til seg sjølve. Dei la seg i sengene sine. Kven veit, kanskje det kom eit spøkelse som ville skremme dei?

SLUTT

Ingen kommentarer: